Lom kommune søker Controller og Økonomimedarbeider – to spennende stillinger
I Lom Kommune blir du del av ein raus og utviklingsorientert organisasjon med høgt fagleg fokus. Vi legg vekt på gode arbeidsvilkår, med høve til kompetanseheving og fagleg utvikling.
Lom Kommune står midt i ei spanande tid med omstilling og digital transformasjon, og vi ser etter deg som vil vere med å forme ein moderne, framtidsretta kommuneøkonomi – med både strategisk oversyn og detaljfokus.
Dette er meir enn tal og tabellar. Dette handlar om retning. Om å finne innsikta som gjer tenestene betre for folk – og prosessane smartere for organisasjonen.
Kvifor jobbe i økonomiavdelinga i Lom kommune?
Hos oss får du:
- Strategisk viktige og varierte arbeidsoppgåver
- Ein sentral plass i eit av dei viktigaste utviklingsløpa i kommunen
- Moglegheit til å påverke og utvikle digitale løysingar og prosessar
- Eit team som kombinerer høg faglegheit med eit uformelt og godt arbeidsmiljø
- Konkurransedyktig løn og svært gode pensjons- og forsikringsordningar
- Tilrettelegging for heimekontor og fleksibel kvardag
Kven ser vi etter?
Du har solid økonomifagleg bakgrunn – frå utdanning og/eller relevant erfaring – og brenn for forbetring og utvikling. Du er strukturert, analytisk og evner å sjå både det store biletet og dei små detaljane som gjer forskjellen. Du trivst i samarbeid, men tek også ansvar og eigne initiativ.
Dine moglegheiter – to ulike rollar:
Controller
- Analyse og strategisk rådgjeving
- Økonomiplan, budsjett, prognose og rapportering
- Tverrfagleg forbetringsarbeid og nøkkeltalsanalyse
- Samarbeid tett med økonomisjef og leiarar
- Vikariere for økonomisjef ved behov
Økonomimedarbeidar
- Relevant utdanning innan økonomi, rekneskap eller revisjon (relevant erfaring kan kompensere).
- Erfaring med rekneskapsarbeid, gjerne frå offentleg sektor.
- Gode IT-kunnskapar og erfaring med økonomisystem; gjerne Visma Enterprise.
- Kjennskap til kommunelova og rekneskapslova, er ein fordel
- God formidlingsevne, både munnleg og skriftleg.
Lom tilbyr en sjelden kombinasjon av spektakulær natur, kulturell rikdom, meningsfylte arbeidsoppgaver og et inkluderende, framtidsrettet lokalsamfunn – perfekt for deg som vil gi noe tilbake og samtidig leve godt.
- Steder
- Lom
- Ansettelsestype
- Fulltid
- Ansettelsesnivå
- Fagpersoner
- Bransje
- Regnskap og økonomi
- Arbeidssted
- Lom
- Søknadsfrist
- 15.08.2025
- Region
- Innlandet
