Skogen Entreprenør AS - Er du vår nye gravemaskinførar ?
Trivst du best i setet på ei moderne gravemaskin? Har du blikk for terrenget og stoltheit for faget? Då vil vi gjerne ha deg med på laget !
Vi veks og søkjer erfaren gravemaskinførar.
Skogen Entreprenør AS er eit solid entreprenørfirma med base i Vågå, med historie som strekkjer seg over 40 år. Selskapet er ein velrennomert aktør i bransjen og har gjennom mange år levert gode resultat og har en sunn økonomi. Omsetninga i fjor var på NOK. 55 mill. som eit engasjert og dyktig lag på 19 tilsette sørgjer for. Oppdragsmengda aukar stadig, med mange spanande prosjekt på gang og no ser vi etter en erfaren og sjølvgåande gravemaskinførar.
Arbeidsdagen din hos oss:
Som maskinførar hos Skogen Entreprenør får du en variert kvardag med ansvar for eigne oppgåver. Vi legg stor vekt på at våre tilsette skal ha skikkeleg redskap og maskiner for å gjere ein god jobb, og du vil difor få moderne maskiner med GPS/maskinstyring. Typiske arbeidsoppgåver er: VA-arbeid, grunn- og terrengarbeid, vegbygging og arbeid på større anlegg.
Vi har et uformelt og godt arbeidsmiljø der vi hjelp kvarandre, og vi set stor pris på medarbeidarar som tek initiativ og ser løysningar der andre ser utfordringar.
Kven ser vi etter:
Vi leitar etter deg som har nokre år bak spakane. Du er påliteleg, punktleg og forstår kor viktig god dokumentasjon og HMS er i kvardagen. Det er viktig at du kommuniserer godt på norsk.
Vi ser gjerne at du har:
Fagbrev som anleggsmaskinførar (lang erfaring kan kompensere).
Maskinførarbevis og solid erfaring med gravemaskin.
Erfaring med bruk av maskinstyring/GPS.
Førarkort kl. B (BE) er en fordel.
Kvifor velgje Skogen Entreprenør AS:
Vi tilbyr en trygg arbeidsplass i eit solid selskap med konkurransedyktige vilkår. Hjå oss får du ordna arbeidsforhold med mellom anna overtidsbetaling etter 37,5t, gode pensjons- og forsikringsordningar og moglegheit til å utvikle deg i eit fagleg sterkt miljø.
Tiltreding: Snarast/etter avtale - Velkommen til oss !
For meir informasjon, kontakt vår samarbeidspartner i Veksthuset Rekruttering, seniorrådgjevar Knut Nyhagen på tlf. 918 84277
Send inn CV/søknad via lenka på sida.
Alle søknader blir behandla konfidensielt.
- Steder
- Vågå
- Bransje
- Bygg og anlegg
- Arbeidssted
- Vågå - Gudbrandsdalen
- Søknadsfrist
- 05.04.2026
- Region
- Gudbrandsdalen